slide1_klp

KYSTLANDSKAPSPARKEN I SVEIO

E
Skilt gullstien 2

Kystlandsparken er ein av 9 landskapsparkar i Hordaland. Landskapsparkane er etablerte i område der landskapet har spesielle kvalitetar.
Bygdene i områda står saman om å utvikla gode tilbod til både gjester og fastbuande, med utgangspunkt i lokal historie og tradisjonar.

Opplev kystlandskapet til fots

Eitt av måla til Kystlandskapsparken er at det særprega kystlandskapet skal vere tilgjengeleg for alle. Dei nye turstiane på Vikse, som opna i 2016, gjev tilgang til eit nytt, flott turområde. Kystlandskapsparken har gitt støtte til gjerdeklyvarar.

Fullmånekveldar på Ryvarden

I tillegg til å vere eit populært turmål med galleri og kafe, har Ryvarden kulturfyr gjort suksess med fullmånekveldar. God musikk og god, heimelaga mat i spektakulære omgivnadar er oppskrifta. Her gjeld det å vere raskt ute, for desse kveldane blir fort fullbooka! Følg med på facebooksida til Ryvarden: https://www.facebook.com/ryvarden/?fref=ts

Rydda ved brenning

Det opne kystlandskapet har ikkje kome til av seg sjølv. Lyngbrenning er ein fleire tusen år gammal tradisjon som må haldast ved like om lyngheia skal ha verdi som beite. Utan beiting gror landskapet att. Fleire bønder langs sørvestkysten av Sveio held denne tradisjonen i hevd – med god hjelp av brannvesenet i Sveio.

Eit landskap rikt på historie

Bruken av kystlandskapet har ei lang historie. Dei mange kystrøysene som ligg godt synleg frå skipsleia, vitnar om det. Tjernagelshaugen (biletet) var eit seglingsmerke med nær 3000 år lang historie, men blei riven i samband med bygginga av kortbølgjesendaren på Tjernagel på 1980-talet. Men framleis er mange kystrøyser (gravrøyser) bevarte, som Kongsvarden på Tresneset ved Lyngholm, og gravrøysa på Kvitaneset ved Buavåg.

Landskapsparkområdet i Sveio ligg langs kystlinja i sørvest, der Bømlafjorden opnar seg mot Sletta. Her finn du eit ope landskap, prega av menneska sin bruk av sjøen og jordbrukslandet gjennom tusenvis av år. Ryvarden kulturfyr er den største attraksjonen, men rundt omkring i landskapet finn du mindre kjende perler som kan opplevast til fots, på sykkel eller med bil langs Gullvegen (Fv 541).

Sosiale Medier

[fts facebook id=399266950040 type=group]

[fts instagram instagram_id=ryvarden type=hashtag]

© Kopirett - Kystlandskapsparken - Made by Header AS