TURLØYPER

Nordsjøløypa

Nordsjøløypa (The North Sea Trail) er ei internasjonal turløype som går gjennom sju land rundt Nordsjøen.

I Hordaland går løypa frå Fedje i nord til Sveio i sør. Nordsjøløypa bind saman gamle ferdsleårer og vandringsvegar gjennom kulturlandskapet.

I Sveio går turen delvis på sti, og delvis langs Gullvegen. Start i Mølstrevåg eller Buavåg, eller ein av stadene der stien kryssar vegen. Heile turen tek 5 – 6 timar, men det går òg fint å gå deler av ruta.

Detaljert turskildring med mykje spennande lokalhistorie finn du på: http://nordsjoloypa.ivest.no/sveio.htm

Samsung

Mølstrevåg – Ryvarden

2 km, 40 min

Parkering i Mølstrevåg. Turen går på smal grusveg ut til Ryvarden kulturfyr. Minnestøtte over dei omkomne etter Sleipner-forliset i 1999. Ein fin tur til fots eller på sykkel, men vanskeleg med rullestol pga. bratte parti.

Varden på Landsåt1

Ryvarden – Lyngholm

4 km, 1,5 time

Del av Nordsjøløypa. Start ved steingard rett før fyret på Ryvarden, eller på Lyngholm. Turen går gjennom ope kystlandskap ved
munninga av Bømlafjorden. Ta gjerne ein avstikkar til gravrøysene ved Håskru og Lyngholmen, eller oppom fjelltoppen Landsåt (biletet) med utsikt i alle himmelretningar

Emberlandsnipen

1 – 2 timar

Toppen (271 moh.) er tilgjengeleg frå tre kantar: Frå Sætre, Stølen i Auklandshamn, og Emberland. Det er sett opp startpunkttavler og stiane er godt merka.
Turane frå Sætre og Emberland er bratte og tek om lag ein time tur – retur. Den lengste ruta, frå Stølen, tek om lag 2 timar. Frå toppen er det vid utsikt over Bømlafjorden, Stord, Bømlo og mykje av Sveio.

Turstiar på Vikse

Ca 2 timar

På Vikse, i området mellom Straumen og Skålaskog, er det merka tursti rundt Straumsvollsvatnet med fleire avstikkarar. Start frå Straumavegen eller ved Fv 541. Godt merka.