BILDER
INFORMASJON
OM GULLGRUVENE

Det blei funne gull på Hovdaneset første gong i 1873, men i første omgang førte det ikkje til noka gruveverksemd. Seinare blei leitinga tatt opp att, og i 1884 blei Vestlandske Grube Co. skipa for å ta seg av gruvedrifta.

Dei gjorde ein avtale med grunneigarane på Bua om leige av grunn, og bygde demning, vasshjul, knuseverk og smeltehytte.

Den gullhaldige steinen frå gruvene på Hovdaneset vart frakta til sjøkanten og derfrå i ei Listaskøyte til Bua. Her vart steinen tatt i land og frakta i vogner til knuseriet. Etter at steinane var knuste, vart gullet tatt ut med kvikksølv i smeltehytta.

Men mengdene med gull var for små. Vestlandske Grube Co. fekk problem med å gjera opp for seg, og i 1893 gjekk dei konkurs. Anlegget vart seinare selt på auksjon, og i dag står berre gruvene på Hovdaneset og grunnmurane i Buavåg att.

Meir om historia finn du her: https://www.facebook.com/GullgruveneISveio/?fref=ts

OM TUREN

Turen til gullgruvene er ein del av Nordsjøløypa, og merka frå gardstunet på Hovda.  Her går turen først på grusveg, så på sti, ut til gruvene på Hovdaneset. Turen tek ca 1/2 time.

Du kan òg starte turen i Buavåg.

ARRANGEMENTER

Kvart år arrangerer Sveio gullforening kystsogedagar i Buavåg, i samband med Kystsogevekene. Sjå program på www.kystsogevekene.no.

Sveio gullforening sin aktivitet kan du òg følgje på Facebook, https://www.facebook.com/GullgruveneISveio/?fref=ts

GULLGRUVENE PÅ KARTET

Click here to add your own text