BILDER
INFORMASJON
OM FORLISET

39 omkom då isaskipet «Thor» forliste like utanfor kaien på Lyngholm 1. mars 1906.

DS «Thor» låg for anker etter ein mislykket sildetur til Espevær då det bles opp til full storm, og båten kom i drift. Skipet dreiv sideveis inn mot land, hogde fleire gonger mot eit skjær, og slo et stort hol midtskips. Flesteparten av mannskapet sto på dekk då dette skjedde, men alle blei kasta over bord av ein brottsjø. Berre to av 41 blei redda.

Dei fleste som omkom var frå Haugesund, Sveio, Stord, Ølen og Vindafjord. Namna på dei omkomne er ført opp på minnestøtta, som ligg like ved Lyngholmvegen.

MINNESTØTTA

Minnestøtta blei sett opp i 2006, 100 år etter ulukka. På støtta er namna på alle dei 39 omkomne ført opp, saman med eit relieff av skipet. Minnesmerket står like ved Lyngholmvegen, med utsikt mot staden der DS «Thor» forliste.

MINNESTØTTA PÅ KARTET