BILDER
  • Krigsminne på Nesheim

    Frå kanonstillingane er det flott utsikt over Bømlafjorden

INFORMASJON
OM KRIGSMINNE PÅ NESHEIM

Under 2. verdskrigen bygde den tyske hæren opp tre anlegg ved Bømlafjorden, som skulle forsvare den indre skipsleia mellom Haugesund og innseglinga til Bergen. Eitt av desse ligg på Nesheim mellom Eltravåg og Hovda. Det blei av tyskarane kalla «Nordheim batteri». Oppbygginga starta i 1941, og området blei bygt ut med 4 kanonstillingar og 6 kanoner, forlegningsbrakker, offisersbrakker, spisebrakker og ei rekkje bunkerar og løpegraver.

Då freden kom, blei brakker og utstyr som kunne brukast til andre føremål, raskt fjerna. I dag står berre murane att etter dei fleste bygningane. Området er i privat eige, men er ope og tilgjengeleg for turgåarar.

NB! Krigsminna er ikkje sikra og blir ikkje vedlikehaldne. All ferdsle skjer på eige ansvar. Vis omsyn til beitedyr.

OM TUREN

Nordsjøløypa er merka gjennom garden på Nesheim. Ta gjerne ein avstikkar ut til kanonstillingane. Flott utsikt over Bømlafjorden.