BILDER
  • Kafe med utsikt som tek pusten frå deg

  • Sommardag ved Ryvarden

  • Ryvarden har ei historie som går tilbake til 800-talet. I 1849 blei den første fyrlykta tent.

  • Minnesmerke på Ryvarden

    Minnesmerket blei sett opp til minne om sleipnerforliset i 1999, der 16 menneske omkom.

INFORMASJON
OM RYVARDEN

Fyret på Ryvardsneset er eit kjent landemerke på kysten.

På Ryvarden finn du bl.a. Galleri Ryvarden, kafé, kunstatelier og fyrmeisterbustad som du nå kan leige for overnatting. Kafeen har ope helgedagar med utvida opningstider om sommaren og selskapslokaler til leige.
Til minne om dei 16 omkomne etter Sleipnerforliset i 1999, som skjedde like i nærleiken, er det reist eit minnesmerke.

OPNINGSTIDER

Alle søn- og helgedager kl. 11-16 frå påske – november.

Utvida opningstider i påsken og om sommaren. Sjå www.ryvarden.no

KAFE

I kafén kan du få varmen i deg på kalde dagar med kaffi/te/kakao og nysteikte vaflar med rømme og syltetøy. Enkel matservering.

OM TUREN

Turen ut til fyret går på grusveg gjennom lynghei og gammalt kulturlandskap.
Turen startar ved parkeringsplassen i Mølstrevåg. Tilgjengeleg for hjulbrukar, men nokre bratte bakkar kan gjera det vanskeleg å ta seg fram med rullestol.

Tid: 40 min t/r. Frå det høgste punktet på vegen er det storslått utsikt mot mellom anna Sletta og Bømlo.

OVERNATTING

Fyrmeisterbustaden på Ryvarden har overnattingsplass for 8 – 10 personar, og har god standard.

Ryvarden kan òg tilby enkel overnatting for turistar i Flòkeløa.

Meir informasjon på www.ryvarden.no

RYVRADEN PÅ KARTET