• Sjøhuset i Buavåg

  • Ferja går rett utanfor glaset

  • "Eg byggjer meg ein båt"

Sjøhuset i Buavåg
OM SJØHUSET

Sjøhuset «Sjøtun» er det største av dei gamle sjøhusa i Sveio. Det skal vera bygd på midten av 1700-talet, og har blitt nytta til mange føremål: Bøkkarverksemd, sildesalting, butikk og bustad. Butikken i andre etasje er framleis intakt. Her er det òg to soverom, og vinde.

Då gruveverksemda på Hovdaneset starta, blei gullet skipa i land ved sjøhuset. Det blei bygt eit gullvaskeri like ved. Av dette står murane att.

Sjøhuset er i privat eige, men Sveio gullforening disponerer bygget, som blir brukt til kulturføremål.