RYVARDEN – EIT LANDEMERKE I MEIR ENN 1000 ÅR

Alt i år 869 blei den første varden på Ryvardsneset bygt, av Flòke Vilgerdsson frå storgarden Smørsund ved Vikse. Dette er truleg den eldste kjende varden på kysten vår. Den første fyrlykta blei bygd i 1949. Den skulle vera tent under vårsildfisket frå 21. desember til 1. mars. Seinare blei perioden utvida. Rundt 1860, då det skulle setjast opp ein fyrmeisterbustad, blei den gamle varden riven. Varden som står på haugen bak fyrbygningane i dag, er bygt på 1990-talet.

Det budde folk på fyrstasjonen heilt til 1984, då fyret blei automatisert. Av bygningane på biletet er det berre sjølve fyret som står att. Tilbygget romma tåkeluren. Bygningen til høgre er fyrmeisterbustaden frå 1861, som seinare blei flytta til Førde. På det meste var det tre fastbuande familiar på ein gong På Ryvarden.

Etter at fyret blei automatisert var det ikkje lenger bruk for alle bygningane, og i Sveio begynte ein å tenkja på om det var noko anna dei kunne brukast til. I 1992 opna Galleri Ryvarden, og sidan har Ryvarden vore mest kjend som utfartsstad og kulturfyr med galleri, kafe og overnattingstilbod.