Årsmeldingar

Årsmelding for 2016

Kystlandskapsparken har som kjent ikkje lenger fast tilsett, og drifta er frå dette i stor grad basert på tilgjengeleg tid og initiativ frå styremedlemmene. Aktivitetene har dermed også i år vore begrensa.

  • Jostein Førland har vore leiar dette året.
  • Helge Lien Reinertsen har vore styremedlem og kasserar, Åsmund Vikse, Ellen Tveit, Billy Roy Økland har vore styremedlemmer og Marit Vognlid har vore varamedlem i styret.
  • Det er holdt 2 styremøter.
  • Vi har arbeidd vidare i høve gravhaugen på Tjernagel og grunneigaren sine ynskje om ei form for rehabilitering av denne. Billy Roy Økland har utarbeidd eit forprosjekt i høve fysisk utforming som er presentert kommunen og potensielle sponsorar. Vi ser for oss vidare aktivitet på dette framover.
  • Vi har hatt eit samrådingsmøte med representantar frå Sveio kommune og Fylkesmannen for å diskutere framtida for Kystlandskapsparken. Her kom det inn nyttige innspel som vil bli tatt vidare. Dette gjeld spesielt mogelege kanalar for støtte til aktivitetar i landskapsparken.
  • Det vart i 2014 utarbeidd skjøtselplan for området til Kystlandskapsparken. Dette har også i 2016 bidratt til å løyse ut betydelege tilskottsmidler for bønder i området som driv med beitedrift. Vi ser dette som svært viktig og positivt for kystlandskapet vårt for å redusere og hindre gjengroing, og for et bidrag til næring og busetnad.
  • Vi har gitt tilskott til gjerdeklyvarar i nyetabler turløype på Vikse. Svein Vikse er initiativtakar og tilretteleggar for dette flotte tiltaket.
  • Kystlandskapsparken er representert på sosiale media via Facebook og eiga nettside (http://www.kystlandskapsparken.no/).

For styret

Jostein Førland (s)

Konst. Leiar i Kystlandskapsparken i Sveio
Årsmelding for 2015

Kystlandskapsparken har som kjent ikkje lenger fast tilsett, og drifta er frå dette i stor grad basert på tilgjengeleg tid og initiativ frå styremedlemmene. Aktivitetene har dermed vore begrensa.

    • Jostein Førland har vore leiar dette året.
    • Helge Lien Reinertsen har vore styremedlem og kasserar, Åsmund Vikse, Ellen Tveit, Hanne Kjersti Bentsen har vore styremedlemmer og Marit Vognlid og Billy Roy Økland har vore varamedlemmer i styret.
    • Det er holdt 4 styremøter.
    • Vi har hatt kontakt med Fylkeskonservatoren i høve gravhaugen på Tjernagel og grunneigaren sine ynskje om ei form for rehabilitering av denne. Vi håper framleis på å få i gang eit formelt samarbeid på dette. Søknad om støtte til forprosjektering i Haugesund Sparebank vart ikkje stetta. Vi ser for oss vidare aktivitet på dette framover, også i høve til Sveio kommune.
    • Det vart i 2014 utarbeidd skjøtselplan for området til Kystlandskapsparken. Dette har i 2015 bidratt til å løyse ut betydelege tilskottsmidler for bønder i området som driv med beitedrift. Vi ser dette som svært viktig og positivt for kystlandskapet vårt for å redusere og hindre gjengroing, og for et bidrag til næring og busetnad.
    • Vi har deltatt i møter for etablering av ei form for beitelag for Ryvardsmarka. Dette er viktig for å hindre attgroing i området og gi bønder og grunneigarar i området tilleggsressurser. Dette arbeidet er drive fram av grunneigarane i området og Sveio kommune.
    • Vi har fått kommunale midler til å foreta kulturminnegransking i området vårt. Dette arbeidet vart i stor grad utført i 2014, men det gjenstår framleis ein mindre del.
    • Kystlandskapsparken er representert på sosiale media via Facebook og eiga, ny nettside som er under utvikling (http://www.kystlandskapsparken.no/).

Årsmelding 2014

Kystlandskapsparken har som kjent ikkje lenger fast tilsett, og drifta er frå dette i stor grad basert på tilgjengeleg tid og initiativ frå styremedlemmene. Aktivitetene har dermed ikkje vore av eit slikt omfang som ein kanskje kunne håpa på. Likevel, det har blitt gjort ein del godt arbeid, oppsummert nedanfor.

    • Jostein Førland har vore leiar dette året. Styret består av Åsmund Vikse, Ellen Tveit, Helge Reinertsen, Marit Vognild og Hanne Bentsen.
    • Det er holdt 4 styremøter.
    • Vi har gitt økonomisk bidrag til «Bevar Ryvarden og Leitefjellet» som arbeider mot etablering av vindmølleparkar i området.
    • Vi har gått i dialog med Fylkeskonservatoren i høve gravhaugen på Tjernagel og grunneigaren sine ynskje om ei form for rehabilitering av denne. Vi håper på å få i gang eit samarbeid på dette. Vi har også søkt om støtte til forprosjektering i Haugesund Sparebank. Nærare orientering på årsmøtet.
    • Det er utarbeidd skjøtselplan for området til Kystlandskapsparken. Dette har potensiale til utløysing av betydelege tilskottsmidler for bønder i området som driv eller som ynskjer å starte med beitedrift. Vi ser dette som svært viktig og positivt for kystlandskapet vårt for å redusere og hindre gjengroing, og for et bidrag til næring og busetnad. Dette arbeidet er utført av Haugaland Landbruksrådgjeving. MERK: Søkarar som ynskjer å nytta seg av midlane må vera bedriftsmedlemmer i Kystlandskapsparken.
    • Vi har deltatt i planlegging og møter for etablering av ei form for beitelag for Ryvardsmarka. Dette er viktig for å hindre attgroing i området og gi bønder og grunneigarar i området tilleggsressurser.
    • Vi har fått kommunale midler til å foreta kulturminnegransking i området vårt. Dette arbeidet er i stor grad utført, men det gjenstår framleis ein mindre del.
    • Gjenoppbygging av heimesida er under arbeid. Utførast av HEADER web-design.
    • Deltaking på facebook.

For styret

Jostein Førland (s)

Leiar i Kystlandskapsparken i Sveio