Vedtekter

Vedtekter for Kystlandskapsparken i Sveio

Vedtekne på årsmøtet 27. mai 2010

1 Namn

Laget sitt namn er Kystlandskapsparken i Sveio.

2 Føremål

Laget skal leggja til rette for auka bruk av kystområda frå Mølstrevåg til Tjernagel, på ein slik måte at natur, kultur og landskap blir teke vare på, og slik at næringsdrivande, grunneigarane og lokalbefolkninga opplever det som positivt. Laget skal stimulera til busetjing.

Området Kystlandskapsparken dekkjer kan bli utvida.

3 Virketid

Laget skal virka fram til ein ny organisasjon eventuelt vert etablert. Den nye organisasjonen skal vera bygd på Kystlandskapsparken sitt verdigrunnlag og føremål.

4 Arbeidsområde og hovudoppgåver

  1. Leggja til rette for at eksisterande og nye næringsverksemder i Kystlandskapsparken kan:
  2. oppretthalda og vidareutvikla ei lønsam drift der natur, miljø, kultur og landbruk er viktige bærebjelkar
  3. utvikla nye produkt med kvalitet og særpreg
  4. oppnå positive effektar ved samarbeid om produktutvikling, marknadsføring og sal
  5. Utvikla og etablera turmål i området Kystlandskapsparken dekker, i samsvar med retningslinene for geoturisme. (Geoturisme: Turisme som ivaretek, forsterkar og framhever staden sin lokale eigenart med omsyn til miljø, kultur, estetikk og kulturarv på ein måte som kjem lokalsamfunnet til gode).
  6. Aktivt arbeida for å forankra tekniske anlegg, private planframlegg og infrastruktur i kommunale planar.­­­­­
  7. Marknadsføra landskapsparken og dei produkta som fell innunder denne.
  8. Byggja opp og halda ved like kontakten mot den offentlege forvaltninga, forskningsmiljøa og andre landskapsparkar.

5 Medlemer

Innbyggjarar, bedrifter og organisasjonar som er interesserte i prosjektet, kan bli medlemer. Alle kan bidra med idear for å fremja føremål, arbeidsoppgåver og framdrift.

Medlemskontingent i Kystlandskapsparken i Sveio er i 2010 kr

200,- per person/husstandsmedlemsskap

100,- for student- og pensjonistmedlemsskap

300,- for organisasjonsmedlemsskap

500,- for bedriftsmedlemsskap

Kontingenten blir fastsett av årsmøtet.

 

6 Årsmøte

Årsmøtet er laget sitt øvste organ. Medlemene har stemmerett og er valbare til tillitsverv i Kystlandskapsparken. Årsmøtet vel styre, styreleiar, nestleiar, revisor og valnemnd, og godkjenner rekneskap, årsmelding, handlingsplan og budsjett. Styret bør ha jamn geografisk fordeling. Årsmøtet fastset godtgjersle til styret. Årsmøtet skal haldast i første kvartal.

7 Ekstraordinært årsmøte

Styret kan kalla inn til ekstraordinært årsmøte. Styret pliktar å kalla inn til ekstraordinært årsmøte dersom ¼ av medlemene krev dette.

8 Styret

Styret består av fem medlemer inkludert leiar og nestleiar. Styret vel kasserar. Styret er laget sitt øvste organ mellom årsmøta, og skal leia laget i samsvar med laget sin føremålsparagraf, vedtekter og arbeidsprogram. Styret har det overordna ansvaret for drifta. Alle prinsipielle, viktige saker skal leggjast fram for årsmøtet. Styret gjer vedtak i samsvar med retningsliner frå årsmøtet. Styreleiar vert vald for eitt år, styremedlemene vert valde for to år. Tre vararepresentantar vert valde for eitt år.

Ved første val skal tre av styremedlemene veljast for eitt år, og to for to år.

Styret tilset dagleg leiar og har fullmakt til å avtala stillingsstorleik og løn i samsvar med budsjett.

9 Økonomi

Kystlandskapsparken i Sveio får offentlege midlar for å arbeida med dei nemnde oppgåvene. Styret og dagleg leiar jobbar for å skaffa prosjektfinansiering til dei ulike prosjekta. Dei næringsdrivande deltek i finansieringa av marknadsførings- og salsfremjande tiltak.

10 Signatur

Styreleiar signerer for Kystlandskapsparken i Sveio. Årsmøtet kan òg gi fullmakt til dagleg leiar.

11 Vedtektsendring

Endringar i desse vedtektene kan gjerast med 2/3 fleirtal av årsmøtet.

12 Oppløysing

Laget kan bli oppløyst med 2/3 fleirtal av medlemene.